Proverbs 28

Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge. Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge. Ein fatig herre som trykkjer dei arme, er eit regn som herjar og ikkje gjev brød. Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim. Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt. Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar. Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin. Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme. Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom. 10 Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er. 11 Ein rikmann tykkjer han er vis, men ein fatigmann med vit granskar honom ut. 12 Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk. 13 Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn. 14 Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka. 15 Burande løva og ein grådig bjørn er gudlaus hovding yver fatigt folk. 16 Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge. 17 Ein mann med blodskuld yver seg er på flugt alt til gravi, ingen må hjelpa honom. 18 Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine. 19 Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod. 20 Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst. 21 Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit. 22 I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han. 23 Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si. 24 Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror. 25 Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing. 26 Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst. 27 Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg. 28 Når gudlause kjem seg upp, då gøymer folk seg, men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.
Copyright information for NorSMB