Proverbs 3

Son min, gløym ikkje læra mi! Lat hjarta varveitsla bodi mine! For livetid lang og livs-år i mengd og velferd dei gjev deg i rikaste mål. Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla! Då vinn du ynde og fær godt vit for augo på Gud og menneskje. Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit! Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar. Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde. Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine. Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling. 10 Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine. 11 Son min, ei du vanvyrde Herrens age, og ver ikkje leid for hans refsing! 12 For Herren agar den han elskar, som ein far med den son han hev kjær. 13 Sæl den mann som hev funne visdom, og den mann som vinn seg vit! 14 For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull. 15 Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han. 16 Langt liv hev han i høgre handi, og i vinstre rikdom og æra. 17 Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar er velferd. 18 Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle. 19 Med visdom hev Herren grunnfest jordi, med vit hev han laga himmelen. 20 Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyerne dryp det dogg. 21 Son min! Slepp ikkje augo av deim, tak vare på visdom og ettertanke! 22 So skal dei vera liv for sjæli di og prydnad um halsen din. 23 Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot. 24 Når du legg deg, so kvekk du ’kje upp, men du ligg og søv so godt. 25 Du skal ikkje ottast for bråstøkk, eller uver som yver ugudlege kjem. 26 For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara. 27 Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det! 28 Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no! 29 Tenk ikkje på vondt mot grannen din, når han bur trygt hjå deg! 30 Trætta ikkje med nokon utan grunn, når han ei hev gjort deg vondt! 31 Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar! 32 For den falske er ei gruv for Herren, men med ærlege hev han umgang. 33 Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han. 34 Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde. 35 Vismenner erver æra, men dårer ber med seg skam til løn.
Copyright information for NorSMB