Proverbs 31

Ord av kong Lemuel, profetord som mor hans prenta inn i honom: Kva skal eg segja, son min, ja kva, du mitt livs son, ja kva, du min lovnads-son? Gjev ikkje kvende di kraft, og far ikkje vegar som tynar kongar! Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk. For drikk han, vil han gløyma kva som lov er, og venda retten fyre alle arminger. Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli. At han kann drikka og si armod gløyma, og ikkje lenger minnast møda si. Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang! Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett! 10 Ei dugande kona, kven finn vel ei slik? Høgre stend ho i pris enn perlor. 11 Mannsens hjarta lit på henne, og vinning vantar ikkje. 12 Ho gjer honom godt og inkje vondt alle sine livedagar. 13 Ho syter for ull og lin, og henderne strævar med hugnad. 14 Ho er som kaupmanna-skip, langt burtantil fær ho si føda. 15 Og uppe er ho i otta, og gjev sin huslyd mat og etlar åt ternone ut. 16 Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard. 17 Kraft ho bind seg til belte um livet og gjer sine armar sterke. 18 Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt, då sloknar ’kje lampa hennar um natti. 19 Ho retter henderne ut etter rokken, og fingrarne tek til teinen. 20 Ho opnar handi for armingen, retter ho ut til fatigmannen. 21 Ei ræddast ho snø for huset sitt, for alt hennar hus er klædt i skarlaks-ty. 22 Ho gjer seg tæpe og klær seg i finaste lin og purpur. 23 Hennar mann er kjend i portarne, der han sit til tings med dei fremste i landet. 24 Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kramkaren. 25 Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt dagen som kjem. 26 Ho let upp munnen med visdom, mild upplæring ho gjev med si tunga. 27 Koss det gjeng i huset agtar ho på, og ei et ho brød i letingskap. 28 Fram stig hennar søner og prisar ho sæl, og mannen syng henne lov: 29 «Mange kvende stod høgt i dugleik, men du gjeng yver deim alle.» 30 Vænleik er fals og fagerskap fåfengd; ei kona som ottast Herren, skal prisast. 31 Lat ho få det ho vann med henderne sine, og pris i portarne av sine verk.
Copyright information for NorSMB