Proverbs 6

Hev du borga for grannen din, son min, hev du handtekest for ein annan, er du bunden ved ord av din munn, er du fanga i ord av din munn, gjer då soleis, son min, og berga deg, sidan du er komen i handi på grannen: Gakk og kasta deg ned for grannen, gjer ågang på han, unn ikkje dine augo svevn, eller augneloki ein blund. Frels deg som ei gasella or handi hans, som ein fugl or fangarvald! Gakk til mauren, du leting, sjå hans ferd og vert vis! Han hev ingen hovding eller fut eller herre, men lagar um sumaren maten sin til og hev um hausten sanka si føda. Kor lenge vil du liggja, du leting? Når ris du upp or di svevn? 10 Endå litt svevn, endå litt blunding, endå litt kvild med henderne i kross, 11 so kjem armodi di som ein farande fant og naudi som skjoldvæpna mann. 12 Ugagns menneskje, illgjerningsmann, er den som gjeng og rengjer munnen, 13 som blinkar med augo, skrapar med foten, peikar med fingrarne, 14 med meinspel i hjarta, alltid emnar på ilt, og yppar trættor. 15 Difor kjem hans undergang brått, snøgt vert han ulækjande krasa. 16 Det er seks ting som Herrens hatar, og sju er ei gru for hans sjæl: 17 Storlåtne augo, ljugartunga, hender som renner ut skuldlaust blod, 18 hjarta som tenkjer upp vonde råder, føter som renner rapt til vondt, 19 den som lyg og vitnar falskt, den som yppar strid millom brør. 20 Son min, tak vare på bodet åt far din, og kasta ’kje frå deg læra åt mor di! 21 Bitt deim alltid til hjarta ditt, knyt deim um halsen din! 22 Når du gjeng, skal læra leida deg; når du ligg, skal ho vaka yver deg; når du vaknar, skal ho tala til deg. 23 For bodet er ei lykt og lovi er ljos, og påminning med tukt er livsens veg. 24 Dei kann vara deg frå den vonde kvinna, frå den sleipe framande tunga. 25 Ikkje trå i hjarta etter vænleiken hennar, og lat ho ’kje fanga deg med augneloki sine! 26 For skjøkja armar ut til siste brødbit, og gifte kona jagtar etter dyre livet. 27 Kann nokon taka eld i fanget og ikkje brenna klædi sine? 28 Ell’ kann ein gå på gløder og ikkje svida føterne? 29 So vert det med den som gjeng inn til kona åt grannen; ingen kjem urefst frå det, um han rører henne. 30 Vert ikkje tjuven vanvyrd, um han stel og vil stilla sin svolt? 31 Vert han teken, lyt han sjufaldt betala, alt han eig i sitt hus, lyt han gjeva. 32 Den som driv hor med ei kona, er vitlaus, den som vil tyna seg sjølv, gjer slikt. 33 Hogg og skjemsla fær han, og ingen utslettar hans skam. 34 For mannen harmast i åbryskap, på hemnsdagen sparer han ikkje. 35 Han bryr seg ikkje um nokor bot og tek ’kje imot um du gjev han mykje.
Copyright information for NorSMB