Proverbs 9

Visdomsmøyi hev bygt seg hus, hev hogge til sine stolpar sju. Ho hev slagta sitt slagt og blanda sin vin og attåt duka sitt bord. Sine ternor hev ho sendt ut, og ropar ovan frå haugarne i byen: «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Til den vitlause segjer ho: «Kom, og et av mitt brød og drikk av den vin eg hev blanda!» Lat fåkunna fara so de kann liva og vandra på vegen til vit! Den som refser ein spottar, fær skam yver seg, den som lastar ein gudlaus, fær seg ein flekk. Lasta ’kje spottaren, han vil hata deg! Lasta den vise, han vil elska deg! Gjev ein vismann, so aukar hans visdom, lær ein rettferdig, so lærar han meir. 10 Otte for Herren er upphav til visdom, og vit er å kjenna den Heilage. 11 «For ved meg dine dagar skal aukast, og fleire livs-år fær du.» 12 Er du vis, so gagnar det deg sjølv, spottar du, so lyt du bera det åleine. 13 Fru dårskap fer med ståk, fåkunnig som ho er og ingen ting veit. 14 Ho sit attmed husdøri si, på ein stol høgt uppe i byen, 15 og bed inn dei som ferdast på vegen, som gjeng sine stigar beint fram: 16 «Den som er fåkunnig, vende seg hit!» Ja, til den vitlause segjer ho: 17 «Stole vatn er søtt, og ljuvlegt er løyn-ete brød.» 18 Og han veit ’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup.
Copyright information for NorSMB