Psalms 10

Herre, kvi stend du so langt undan, held deg løynd dei tider me er i trengd? Ved ovmodet hjå dei ugudlege illhugast den arme; lat deim vert fanga i dei meinråder dei hev tenkt upp! For den ugudlege rosar det hans sjæl lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren. Den ugudlege set nosi høgt og segjer: «Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til!» det er alle hans tankar. Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå honom i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - deim blæs han åt. Han segjer i sitt hjarta: «Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.» Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka. Han ligg på lur ved gardarne, på løynlege stader myrder han den uskuldige, hans augo spæjar etter den verjelause. Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg honom i sitt garn. 10 Han luter seg, duvar seg ned, og dei verjelause fell for hans sterke klør. 11 Han segjer i sitt hjarta: «Gud hev gløymt det, han hev løynt sitt andlit, han ser det aldri.» 12 Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme! 13 Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: «Du heimsøkjer ikkje?» 14 Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja deim i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause. 15 Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn honom meir! 16 Herren er konge æveleg og alltid heidningarne er øydde ut or hans land. 17 Herre, du hev høyrt ynskjet frå dei arme, du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til, 18 so du gjev den farlause og nedtyngde sin rett. Ikkje lenger skal menneskjet som er av jordi halda fram med å skræma.
Copyright information for NorSMB