Psalms 100

Ein lovsalme. Ropa med frygd for Herren, all jordi! Ten Herren med gleda, kom fram for hans åsyn med fagnad! Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder. Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn! For Herren er god, hans miskunn varer æveleg, og hans truskap frå ætt til ætt.
Copyright information for NorSMB