Psalms 102

Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren. Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg! Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart! For dagarne mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er som glødde i eld. Mitt hjarta er solstukke og visnar som gras, for eg hev gløymt å eta brødet mitt. For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt. Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader. Eg lyt vaka og vera som ein einsleg fugl på taket. Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg. 10 For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt 11 for din vreide og din harm skuld, for du hev teke meg upp og kasta meg burt. 12 Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og eg visnar som gras. 13 Men du, Herre, sit i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt. 14 Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen. 15 For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus. 16 Og heidningar skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi di æra. 17 For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i si æra; 18 han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn. 19 Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren, 20 for han hev set ned frå si heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda på jordi 21 og vil høyra sukken frå den bundne og løysa ut daudens born, 22 so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem, 23 når folkeslag kjem i hop og kongerike til å tena Herren. 24 Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar. 25 Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år. 26 Fordom grunnfeste du jordi, og himmelen er verk av dine hender. 27 Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte; 28 men du er den same, og dine år tek aldri ende. Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.
Copyright information for NorSMB