Psalms 104

Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd. Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk, han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden. Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar. Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva. Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni. For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt - fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim. Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi. 10 Han sender uppkomor fram i dalarne, millom fjelli renn dei. 11 Dei vatnar alle villdyr på marki, villasni sløkkjer torsten sin. 12 Yver deim bur himmelens fuglar, millom greinerne syng dei. 13 Han vatnar fjelli frå sine høge salar, jordi vert metta av den frukt du skaper. 14 Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi, 15 og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta. 16 Herrens tre vert metta, Libanons cedrar som han hev sett, 17 der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressarne. 18 Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne. 19 Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid. 20 Du sender myrker, og det vert natt, då krek alle villdyr i skogen fram. 21 Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud. 22 Soli gjeng upp, då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine bol. 23 Menneskja gjeng ut til si gjerning, til sitt arbeid alt til kvelds. 24 Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt. 25 Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store. 26 Der gjeng skipi, Livjatan som du hev laga til å leika seg der. 27 Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva deim føda i si tid. 28 Du gjev deim, dei sankar, du let upp handi, dei vert metta med godt. 29 Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si. 30 Du sender ut din ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi. 31 Herrens æra vare æveleg, Herren glede seg i sine gjerningar! 32 Han som skodar på jordi og ho skjelv, han som rører fjelli og dei ryk. 33 Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til. 34 Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren. 35 Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjæl! Halleluja, lova Herren.
Copyright information for NorSMB