Psalms 105

Prisa Herren, kalla på hans namn! Kunngjer millom folkeslagi hans storverk! Syng for honom, syng honom lov! tala um alle hans under. Rosa dykk av hans heilage namn, hjarta glede seg hjå deim som søkjer Herren! Spør etter Herren og hans magt, søk hans åsyn alltid! Kom i hug hans under som han hev gjort, hans undergjerningar og domsordi frå hans munn, de, etterkomarar av Abraham, hans tenar, søner åt Jakob, hans utvalde! Han er Herren, vår Gud, yver all jordi gjeng hans domar. Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter, den pakt han gjorde med Abraham, og sin eid til Isak; 10 og han gjorde det til ein rett for Jakob, for Israel ei æveleg pakt, 11 med di han sagde: «Deg vil eg gjeva Kana’ans land til arvlut.» 12 Då dei var ein liten flokk, få og framande der, 13 og dei vandra frå folk til folk, frå eitt rike til eit anna folk, 14 let han ingen mann få gjera valdsverk mot deim, og han refste kongar for deira skuld: 15 «Rør ikkje dei eg hev salva, og gjer ikkje vondt med mine profetar!» 16 Og han kalla hunger inn yver landet, kvar studnad av brød braut han sund. 17 Han sende ein mann fyre deim, til træl vart Josef seld. 18 Dei plåga hans føter i lekkjor, i jarn vart han lagd, 19 til den tid då hans ord slo til, då Herrens ord viste at han var uskuldig. 20 Då sende kongen bod og løyste honom, Herren yver folkeslag gav honom fri. 21 Han sette honom til herre yver sitt hus, til å råda yver all hans eigedom; 22 so han skulde binda hans hovdingar etter sin vilje og læra hans eldste visdom. 23 Og Israel kom til Egyptarland, og Jakob budde som gjest i Khams land. 24 Og han let folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare enn fiendarne. 25 Deira hjarto vende han um, so dei hata hans folk og lagde løynderåder upp mot hans tenarar. 26 Han sende Moses, sin tenar, Aron som han hadde valt ut. 27 Dei gjorde hans teikn imillom deim og under i Khams land. 28 Han sende myrker og gjorde det myrkt, og dei var ikkje ulyduge imot hans ord. 29 Han gjorde vatni deira til blod, og han drap deira fiskar. 30 Deira land kom til å kreka av froskar, jamvel i salarne til deira kongar. 31 Han tala, og det kom flugesvermar og my i heile landet deira. 32 Han gav deim hagl for regn, logande eld i landet deira, 33 og han slo ned deira vintre og fiketre og braut trei sund i landet deira. 34 Han tala, og det kom engsprettor og grashoppar i uteljande mengd, 35 og dei åt upp all grode i deira land, og dei åt upp frukti av marki deira. 36 Og han slo alt fyrstefødt i landet deira, fyrstegrøda av all deira kraft. 37 Og han førde deim ut med sylv og gull, og det var ingen i hans ætter som snåva. 38 Egyptarland gledde seg då dei drog ut; for rædsla for deim hadde falle yver deim. 39 Han breidde ut ei sky til skyggje og eld til å lysa um natti. 40 Dei kravde, og han let vaktlar koma, og med himmelbrød metta han deim. 41 Han opna berget og vatn rann ut, det gjekk som ei elv gjenom turrlendet. 42 For han kom i hug sitt heilage ord, Abraham, sin tenar, 43 og han førde sitt folk ut med gleda, sine utvalde med fagnadrop, 44 og han gav deim landi åt heidningarne, og folkeslags arbeid tok dei til eigedom, 45 at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!
Copyright information for NorSMB