Psalms 106

Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn! Kven kann fullt ut nemna Herrens velduge verk, forkynna all hans lov? Sæle er dei som tek vare på det som rett er, den som gjer rettferd til kvar tid! Herre, kom meg i hug med den godhug du hev for ditt folk, gjesta meg med di frelsa! so eg kann skoda lukka åt dine utvalde, gleda meg med ditt folks gleda, rosa meg med din arv. Me hev synda med våre feder, me hev gjort ille, me hev vore ugudlege. Våre feder i Egyptarland agta ikkje på dine under, dei kom ikkje i hug dine mange nådegjerningar, men dei var tråssuge ved havet, ved Raudehavet. Men endå frelste han deim for sitt namn skuld, av di han vilde kunngjera si magt, og han truga Raudehavet so det vart turt, og han let deim ganga gjenom djupi som på slette marki, 10 og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand, 11 og vatn gøymde deira motstandarar, ikkje ein vart att av deim. 12 Då trudde dei på ordi hans, då song dei hans lov. 13 Men snart gløymde dei hans gjerningar, dei bia ikkje på hans råd; 14 men dei fekk ein gir i seg i øydemarki, og dei freista Gud på den ubygde stad. 15 Då gav han deim det dei vilde hava, men sende tærande sjukdom yver deira liv. 16 Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage. 17 Då opna jordi seg og slukte Datan, og ho let seg att yver flokken åt Abiram, 18 og det kveiktest eld på flokken deira, ein loge brende upp dei ugudlege. 19 Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte, 20 og dei bytte burt si æra for bilætet av ein ukse som et gras. 21 Dei gløymde Gud, sin frelsar, som hadde gjort store ting i Egyptarland, 22 undergjerningar i Khams land, skræmelege ting ved Raudehavet. 23 Og han tenktest til å tyna deim, dersom ikkje Moses, hans utvalde, hadde kasta seg imillom for hans åsyn til å avvenda hans vreide, at han ikkje skulde øydeleggja. 24 Og dei vanvyrde det herlege landet, dei trudde ikkje ordet hans, 25 og dei knurra i sine tjeld, høyrde ikkje på Herrens røyst. 26 Då lyfte han si hand imot deim til å slå deim ned i øydemarki, 27 og slå deira etterkomarar ned millom heidningarne og spreida deim kring i landi. 28 Og dei batt seg saman med Ba’al-Peor, og dei åt av offer til dei daude, 29 og dei vekte harm ved si åtferd, og ei plåga braut ut millom deim. 30 Då stod Pinehas fram og heldt dom, og plåga stilltest; 31 og det vart rekna honom til rettferd frå ætt til ætt æveleg. 32 Og dei vekte vreide ved Meribavatnet, og det gjekk Moses ille for deira skuld; 33 for dei var tråssuge mot hans ande, og han tala tankelaust med sine lippor. 34 Dei øydelagde ikkje dei folki som Herren hadde tala med deim um, 35 men dei blanda seg med heidningarne og lærde deira gjerningar, 36 og dei tente deira avgudar, og desse vart deim til ei snara, 37 og dei ofra sine søner og døtter til magterne, 38 og dei rende ut skuldlaust blod, blod av sine søner og døtter som dei ofra til Kana’ans avgudar, og landet vart vanhelga med blodskuld. 39 Og dei vart ureine ved sine gjerningar og dreiv hor ved si åtferd. 40 Då loga Herrens vreide upp imot hans folk, og han stygdest ved sin arv. 41 Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim, 42 og deira fiendar trengde deim, og dei laut bøygja seg under deira hand. 43 Mange gonger fria han deim ut, men dei var tråssuge og sjølvrådige, og dei kom reint i vesaldom for si misgjerning. 44 Men han såg til deim då dei var i naud, med di han høyrde deira klagerop. 45 Og han kom i hug si pakt for deim, og han ynkast etter si store miskunn. 46 Og han let deim finna miskunn hjå alle som hadde fanga deim. 47 Frels oss, Herre vår Gud, og samla oss frå heidningarne, so me kann prisa ditt heilage namn, rosa oss av ditt lov! 48 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Og alt folket segje: Amen. Halleluja!
Copyright information for NorSMB