Psalms 109

Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje! For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga. Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak. Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed, dei hev lagt vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik. Set ein ugudleg yver honom, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand! Når han vert dømd, lat honom ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd! Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embætte! Lat hans born verta farlause og kona hans enkja! 10 Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim! 11 Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling! 12 Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born! 13 Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled! 14 Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki! 15 Dei vere alltid for Herrens åsyn, og han rydje deira minne ut av jordi, 16 av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom. 17 Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom. 18 Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein. 19 Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg! 20 Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl! 21 Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg! 22 For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg. 23 Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp. 24 Mine kne er ustøde av fasta, og holdet mitt misser feita. 25 Og eg hev vorte til spott for deim; når dei ser meg, rister dei på hovudet. 26 Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn! 27 so dei må kjenna, at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det. 28 Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg. 29 Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa. 30 Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom. 31 For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.
Copyright information for NorSMB