Psalms 110

Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!» Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar! Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden. Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest. Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord. Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.
Copyright information for NorSMB