Psalms 112

Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i hans bodord. Hans avkjøme skal vera veldugt på jordi, ætti av dei ærlege skal verta velsigna. Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast. Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, nådig, miskunnsam og rettferdig er han. Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån, han held uppe si sak i retten. For dei skal ikkje rikka honom i all æva, den rettferdige skal vera i ævelegt minne. For vond tidend skal han ikkje ræddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren. Hans hjarta er trygt; han ræddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar. Han strår ut, gjev til dei fatige, hans rettferd stend alltid, hans horn skal verta upplyft med æra. 10 Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp, det dei ugudlege hev lyst til, vert upp i inkje.
Copyright information for NorSMB