Psalms 113

Halleluja! Lova, de Herrens tenarar, lova Herrens namn! Herrens namn vere lova frå no og til æveleg tid! Frå solekoma og til soleglad er Herrens namn høglova. Høg yver alle heidningar er Herren, yver himmelen er hans æra. Kven er som Herren, vår Gud? han som sit so høgt, han som ser so djupt i himmelen og på jordi, han som reiser den ringe or moldi og lyfter den fatige or skarnet til å setja honom hjå hovdingar, hjå sitt folks hovdingar; han som let ufruktsame bu heime som ei glad barnemor. Halleluja!
Copyright information for NorSMB