Psalms 114

Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga, då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike. Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende. Fjelli hoppa som verar, haugarne som lamb. Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende? de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb? For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn! Han som gjer berget til ein sjø, harde steinen til ei vatskjelda.
Copyright information for NorSMB