Psalms 116

Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine bøner. For han hev bøygt sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på honom. Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg. Men eg kalla på Herrens namn: «Å Herre, berga mi sjæl!» Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam. Herren varar dei einfalde, eg var ein arming, og han frelste meg. Kom attende, mi sjæl, til di ro! for Herren hev gjort vel imot deg. Ja, du fria mi sjæl frå dauden, mitt auga frå tåror, min fot frå fall. Eg skal vandra for Herrens åsyn i landi åt dei livande. 10 Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plåga. 11 Eg sagde i min ræddhug: «Kvar mann er ein ljugar!» 12 Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg? 13 Eg vil lyfta frelse-staupet, og Herrens namn vil eg påkalla. 14 Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk. 15 Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage. 16 Å Herre, eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band. 17 Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla. 18 Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk, 19 i fyregardarne til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!
Copyright information for NorSMB