Psalms 118

Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn! Israel segje: «Æveleg varer hans miskunn!» Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!» Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!» Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie. Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg? Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg. Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje. Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar. 10 Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned. 11 Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned. 12 Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned. 13 Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg. 14 Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa. 15 Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk. 16 Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk. 17 Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar. 18 Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje. 19 Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren. 20 Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der. 21 Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa. 22 Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein. 23 Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo. 24 Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no! 25 Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast! 26 Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus. 27 Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret! 28 Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg. 29 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
Copyright information for NorSMB