Psalms 12

Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David. Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni. Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei. Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord, deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?» «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg,» segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.» Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt. Du, Herre, vil vakta deim, du vil verja dei mot denne ætti for alltid. Rundt um vil dei ugudlege sviva ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå menneskjeborni.
Copyright information for NorSMB