Psalms 120

Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg. Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga! Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga? Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska. Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld! Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred. Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.
Copyright information for NorSMB