Psalms 121

Ein song til høgtidsferderne. Eg lyfter augo mine upp til fjelli, kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem ifrå Herren, han som hev skapa himmelen og jordi. Han skal ikkje lata foten din vera ustød, han blundar ikkje din vaktar. Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar. Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand. Um dagen skal ikkje soli stikka deg, og ikkje månen um natti. Herren skal vara deg frå alt vondt, han skal vara di sjæl. Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til æveleg tid.
Copyright information for NorSMB