Psalms 122

Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.» Våre føter fekk standa i dine portar, Jerusalem. Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop. Der ætterne fer upp, Herrens ætter, etter Israels lov, til å prisa Herrens namn. For der er stolar sette til domstolar for Davids hus. Bed um fred for Jerusalem! det gange deim vel som elskar deg! Fred vere innanfor dine murar og ro i dine salar! For mine brør og vener skuld vil eg segja: «Fred vere i deg!» For Herrens, vår Guds, hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.
Copyright information for NorSMB