Psalms 124

Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel - hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss, so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss, so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl, so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni. Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner! Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan. Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.
Copyright information for NorSMB