Psalms 125

Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast. Jerusalem - fjell er kringum det, og Herren er ikring sitt folk frå no og i all æva. For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, at ikkje dei rettferdige skal retta ut til urett sine hender. Gjer godt, Herre, mot dei gode, og imot deim som hev eit ærlegt hjarta! Men deim som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara med illgjerningsmenner. Fred vere yver Israel!
Copyright information for NorSMB