Psalms 126

Ein song til høgtidsferderne. Då Herren førde Sions fangar heim att, då var me som drøymande. Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.» Store ting hev Herren gjort mot oss, og me vart glade. Herre, før du våre fangar heim att som bekkjer i Sudlandet! Dei som sår med tåror, skal hausta med glederop. Dei gjeng av stad og græt og ber sitt såkorn. So kjem dei att med fagnadrop og ber sine kornband.
Copyright information for NorSMB