Psalms 129

Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel - mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg. På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange. Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege. Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion. Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa; slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang. Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»
Copyright information for NorSMB