Psalms 130

Ein song til høgtidsferderne. Or djupet ropar eg på deg, Herre! Herre, høyr på mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst! Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa? For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg. Eg vonar på Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar på hans ord. Mi sjæl ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen. Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom. Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.
Copyright information for NorSMB