Psalms 135

Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar, de som stend i Herrens hus, i fyregardarne til vår Guds hus! Lova Herren, for Herren er god! Syng lov for hans namn, for det er yndelegt. For Jakob hev Herren valt seg ut, Israel til sin eigedom. For eg veit at Herren er stor, og vår Herre er meir enn alle gudar. Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup, han som let eim stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, som fører ut or sine gøymslor vind, han som slo dei fyrstefødde i Egyptarland både av folk og fe, som sende teikn og under midt i deg, Egyptarland, mot Farao og alle hans tenarar. 10 Han som slo mange heidningefolk og drap megtige kongar, 11 Sihon, amoritarkongen, og Basans konge Og, og alle Kana’ans kongerike, 12 og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk. 13 Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt. 14 For Herren skal døma sitt folk og ynkast yver sine tenarar. 15 Heidninge-avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender. 16 Dei hev munn, men talar ikkje, dei hev augo, men ser ikkje, 17 dei hev øyro, men høyrer ikkje, og ingen ande er i deira munn. 18 Som desse er, vert dei som lagar deim, alle som set si lit til deim. 19 Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren! 20 Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren! 21 Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!
Copyright information for NorSMB