Psalms 137

Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug. På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre. For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!» Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord? Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt! Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda. Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!» Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss! Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!
Copyright information for NorSMB