Psalms 140

Til songmeisteren; ein salme av David. Herre, fria meg ut frå vonde folk, vara meg ifrå valdsmenner som tenkjer vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid! Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lipporne deira. Sela. Vakta meg, Herre, for henderne til dei ugudlege, vara meg ifrå valdsmenner, som tenkjest til å få mine fet til fall. Dei ovmodige gøymer snara til meg og reip, dei strekkjer garn ved vegen, gildror set dei snaror for meg. Sela. Eg segjer til Herren: «Min Gud er du.» Lyd, Herre, på mi bønerøyst! Herre, Herre, du mi sterke frelsa, du vernar mitt hovud på væpningsdagen. Herre, lat ikkje den ugudlege få si lyst, lat ikkje hans vonde råd få framgang! Dei vilde elles upphøgja seg. Sela. 10 Yver hovudet på deim som kringset meg, skal den ulukka falla som deira lippor valdar. 11 Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp. 12 Ein munnkåt mann skal ikkje trygt på jordi, den vonde valdsmann skal dei jaga til han sturtar. 13 Eg veit at Herren skal greida saki for armingen, og retten for dei fatige. Ja, dei rettferdige skal prisa namnet ditt, dei ærlege skal bu for di åsyn.
Copyright information for NorSMB