Psalms 143

Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd, og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn. For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude. Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt. Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort. Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. Sela. Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi. Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg! Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg. 10 Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet. 11 For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla! 12 Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.
Copyright information for NorSMB