Psalms 147

Halleluja! For det er godt å lovsyngja vår Gud, for yndelegt er det, og lovsong høver vel. Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar. Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår. Han set tal på stjernorne, han nemner deim alle med namn. Stor er vår Herre og veldug i magt, på hans vit er det ikkje mål. Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi. Syng for Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med cither! han som tekkjer himmelen med skyer, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli. Han gjev feet for, ramn-ungarne som ropar. 10 Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens leggjer. 11 Herren hev hugnad i deim som ottast han, deim som ventar på hans miskunn. 12 Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud! 13 For stengerne på dine portar hev han gjort faste, han hev velsigna dine born i deg. 14 Han gjev dine grensor fred, han mettar deg med den feitaste kveite. 15 Han sender sin tale til jordi, fort spring hans ord. 16 Han som gjev snø som ull, han strår ut rim som oska. 17 Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde? 18 Han sender sitt ord og smeltar deim, han let vinden sin blåsa, då renn vatn. 19 Han hev kunngjort sitt ord for Jakob, sine fyresegner og rettar for Israel. 20 Soleis hev han ikkje gjort med noko folk, og hans rettar - deim kjenner dei ikkje. Halleluja!
Copyright information for NorSMB