Psalms 148

Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova honom i det høge! Lova honom, alle hans englar, lova honom, all hans her! Lova honom, sol og måne, lova honom, alle lysande stjernor! Lova honom, de himle-himlar, og de vatn ovanfor himlarne! Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte, og han stelte deim upp for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen bryt. Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup, Eld og hagl, snø og eim, du storm som set hans ord i verk, de fjell og alle haugar, aldetre og alle cedrar, 10 de ville dyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar; 11 de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi, 12 de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge! 13 Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel, 14 og han hev lyft upp eit horn for sitt folk, til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er honom nær. Halleluja!
Copyright information for NorSMB