Psalms 149

Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege! Israel glede seg i sin skapar, Sions søner frygde seg for sin konge! Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither. For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder spaklyndte med frelsa. Dei gudlege frygdar seg i herlegdom, dei ropar av fagnad på sine lægje. Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand, til å fullføra hemn yver heidningarne, refsing yver folkeslagi, til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband, til å fullføra fyreskriven dom yver deim. Æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!
Copyright information for NorSMB