Psalms 15

Ein salme av David. Herre, kven skal vera gjest i ditt tjeld? Kven skal bu på ditt heilage fjell? Den som ferdast ulastande og gjer rettferd og talar sanning i sitt hjarta. Han baktalar ikkje med si tunga, han gjer ikkje vondt imot sin næste og fører ikkje skam yver den som stend honom nær. Svivyrdeleg er i hans augo den gudlause, men han ærar deim som ottast Herren. Sver han til sin eigen skade, so bryt han då aldri sin eid. Han låner ikkje sine pengar ut for renta og tek ikkje mutor imot den saklause. Den som gjer dette, skal i all æva ikkje verta rikka.
Copyright information for NorSMB