Psalms 150

Halleluja! Lova Gud i hans heilagdom, lova honom i hans sterke kvelv! Lova honom for hans storverk, lova honom etter hans fulle storleik! Lova honom med lurljom, lova honom med harpa og cither! Lova honom med trumma og dans lova honom med strengleik og fløyta! Lova honom med klingande cymblar, lova honom med ljomande cymblar! Alt som hev ande, love Herren! Halleluja!
Copyright information for NorSMB