Psalms 18

Til songmeisteren; av Herrens tenar David, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dag då Herren hadde frelst honom frå alle hans fiendar og frå Saul. Og han sagde: Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke! Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg. Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar. Daudsens reip var spente um meg, og bekkjer av vondskap skræmde meg. Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg. I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt rop kom for hans andlit, til hans øyro. Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid. Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom. 10 Og han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter. 11 Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden. 12 Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer. 13 Frå glansen for hans andlit for hans skyer fram, hagl og gloande kol. 14 Og Herren tora i himmelen, den Høgste let si røyst ljoda: hagl og gloande kol. 15 Og han sende ut sine piler og spreidde deim ikring, og eldingar i mengd og fortulla deim. 16 Då kom djupålarne i vatnom til synes, og grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase. 17 Han rette ut handi frå det høge, han greip meg; han drog meg upp or store vatn. 18 Han frelste meg frå min megtige fiende og frå mine hatarar, for dei var meg for sterke. 19 Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad. 20 Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg. 21 Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender. 22 For eg tok vare på Herrens vegar og fall ikkje i vondskap frå min Gud. 23 For alle hans lover hadde eg for auga, hans bodord støytte eg ikkje frå meg. 24 Og eg var ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd. 25 Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo. 26 Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande mann syner du deg ulastande, 27 mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang. 28 For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned. 29 For du let mi lampa lysa klårt, Herren, min Gud, gjer mitt myrker bjart. 30 For ved deg renner eg mot herflokkar, og ved min Gud spring eg yver murar. 31 Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom. 32 For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud? 33 Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer min veg ulastande, 34 som gjev meg føter liksom hindarne og set meg upp på mine høgder, 35 som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen. 36 Og du gav meg di frelsa til skjold, di høgre hand studde meg, og di småminking gjorde meg stor. 37 Du gjorde vidt rom åt mine stig under meg, og mine oklo vagga ikkje. 38 Eg forfylgde mine fiendar og nådde deim og vende ikkje um fyrr eg hev gjort av med deim. 39 Eg slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg; dei fell under føter. 40 Og du gyrde meg med kraft til striden; du bøygde under meg deim som stod upp imot meg. 41 Du let mine fiendar snu ryggen til meg, og mine hatarar, deim rudde eg ut. 42 Dei ropa - men der var ingen frelsar - til Herren, men han svarar deim ikkje. 43 Og eg smuldrar deim som dust for vinden; som søyla på gator slo eg deim ut. 44 Du frelste meg frå folke-ufred; du sette meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjende, tente meg. 45 Ved gjetordet um meg lydde dei meg; framande folk smeikte for meg. 46 Framande folk visna av og gjekk skjelvande ut or sine borger. 47 Herren liver, og lova er han, mitt berg, og upphøgd er den Gud som meg frelser, 48 den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg, 49 som frelser meg frå mine fiendar; ja - du lyfter meg høgt yver deim som stend imot meg, frå valdsmannen bergar du meg. 50 Difor vil eg prisa deg millom heidningarne, Herre, og lovsyngja ditt namn. Han gjer frelsa stor for sin konge, og gjer miskunn mot den som er salva av honom, mot David og hans ætt til æveleg tid.
Copyright information for NorSMB