Psalms 19

Til songmeisteren; ein salme av David. Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort. Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap. Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd. Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim. Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid. Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite. Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis. Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo. 10 Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman. 11 Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne. 12 Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn. 13 Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester! 14 Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning. Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!
Copyright information for NorSMB