Psalms 2

Kvi ståkar heidningarne, og kvi stilar folki på fåfengt verk? Kongarne på jordi reiser seg, og herremennerne legg råd saman imot Herren og den han hev salva: «Lat oss slita sund deira band og kasta deira tog av oss!» Han som tronar i himmelen, lær: Herren spottar deim. So talar han til deim i sin vreide, og i sin harm skræmer han deim: «Og eg hev då sett inn min konge på Sion, mitt heilage fjell.» Eg vil fortelja um ei rådgjerd: Herren sagde til meg: «Du er min son, eg hev født deg i dag. Krev av meg, so vil eg gjeva deg heidningarne til arv og endarne av jordi til eiga. Du skal knasa deim med jarnstav; som kruskjerald skal du smuldra deim.» 10 Og no, de kongar, far visleg fram! Lat dykk segja, de domarar på jordi! 11 Ten Herren med age, og fagna dykk med otte! 12 Kyss sonen, so han ikkje skal verta vreid, og de skal ganga til grunnar på vegen! For hans vreide kunde lett kveikjast. Sæle er alle dei som set si lit til honom!
Copyright information for NorSMB