Psalms 20

Til songmeisteren; ein salme av David. Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg! Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion! Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! Sela. Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder! Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner! No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand. Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud. Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe. Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!
Copyright information for NorSMB