Psalms 23

Ein salme av David. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila. Han kveikjer mi sjæl, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. Endå um eg gjeng i daudeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg. Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup. Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine livdagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.
Copyright information for NorSMB