Psalms 24

Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det. For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn. Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad? Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik. Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar. Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. Sela. De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid. De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn! 10 Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. Sela.
Copyright information for NorSMB