Psalms 26

Av David. Søm meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg. Prøv meg, Herre, og freista meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta! For din nåde er for mine augo, og eg ferdast i di sanning. Eg sit ikkje saman med falske menner og gjeng ikkje inn hjå fule folk. Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje. Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre, til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under. Herre, eg elskar di husvist og den stad der din herlegdom bur. Rykk ikkje mi sjæl burt med syndarar eller mitt liv med blodgiruge menner, 10 som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor. 11 Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig! 12 Min fot stend på slettlende. I samlingarne skal eg lova Herren.
Copyright information for NorSMB