Psalms 29

Ein salme av David. Gjev Herren, de Guds søner, gjev Herren æra og magt! Gjev Herren hans namns æra, tilbed Herren i heilag prydnad! Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatn. Herrens røyst ljodar med velde, Herrens røyst med herlegdom. Herrens røyst bryt sund cedertre, ja, Herren bryt sund cedertrei på Libanon. Og han fær deim til å hoppa som ein kalv, Libanon og Sirjon som ein ung villukse. Herrens røyst sprengjer eldslogar fram. Herrens røyst fær øydemarki til å skjelva, Herren fær øydemarki ved Kades til å skjelva. Herrens røyst fær hindarne til å kalva og snøyder skogarne, og i hans tempel segjer alt: «Æra!» 10 Herren sat yver storflodi, og Herren sit konge til æveleg tid. 11 Herren gjeve sitt folk styrke, Herren velsigne sitt folk med fred!
Copyright information for NorSMB