Psalms 3

Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin. Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg. Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» Sela. Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud. Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. Sela. Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe. Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring. Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege. Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.
Copyright information for NorSMB