Psalms 31

Til songmeisteren; ein salme av David. Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd! Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg! For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg. Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev sett for meg; for du er mi vern. I di hand yvergjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud. Eg hatar deim som dyrkar tome avgudar, men eg, eg set mi lit til Herren. Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjælenaud. Og du hev ikkje gjeve meg i fiendehand, du hev sett mine føter på romlendt stad. 10 Ver meg nådig, Herre, for eg vert trengd! Mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjæl og min likam. 11 For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde. 12 For alle mine motstandarar skuld hev eg vorte til skam, ja, til stor skam for mine grannar, og til skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg. 13 Eg er gløymd som ein daud mann, ute or hjarta; eg hev vorte som eit sundbrotnande kjerald. 14 For eg høyrer baktale av mange, rædsla rundt ikring, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv. 15 Men eg, eg set mi lit til deg Herre; eg segjer: «Du er min Gud.» 16 I di hand stend mine tider; berga meg or handi på mine fiendar, og frå deim som forfylgjer meg!. 17 Lat di åsyn lysa yver din tenar, frels meg ved di miskunn! 18 Herre, lat meg ikkje verta til skammar, for eg ropar til deg; lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen! 19 Lat lygn-lippor verta mållause som talar skamdjervt mot den rettferdige, med ovmod og uvyrdnad! 20 Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt deim som ottast deg, som du hev vist mot deim som flyr til deg, for augo på menneskjeborni! 21 Du løyner deim i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer deim i ei bud mot kiv av tungor. 22 Lova vere Herren, for han hev gjort si miskunn underfull imot meg i ein fast by! 23 Og eg, eg sagde i mi hugsott: «Eg er burtriven frå dine augo!» men endå høyrde du røysti av mine audmjuke bøner, då eg ropa til deg. 24 Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikeleg attergjeld til den som fer med ovmod. Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!
Copyright information for NorSMB