Psalms 32

Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hans misgjerd er forlati og hans synd yverbreidd! Sælt er det menneskje som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd! Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen. For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela. Eg kjendest ved mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sagde: «Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren.» Og du tok burt mi syndeskuld. Sela. Difor skal kvar som er trugen beda til deg den tid du er finnande; sanneleg, um store vatsfløde kjem, til honom skal dei ikkje nå. Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla, du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela. Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg. Ver ikkje som hest og muldyr som ikkje hev vit: deira prydnad er taum og beisl til å tvinga deim, elles kjem dei ikkje nær til deg. 10 Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, honom kransar han med miskunn. 11 Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de trurøkne i hjarta!
Copyright information for NorSMB