Psalms 35

Av David. Herre, før mi sak mot deim som hev sak mot meg! Strid mot deim som strider mot meg! Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg! Drag spjotet fram og steng vegen for deim som forfylgjer meg! Seg til mi sjæl: «Eg er di frelsa!» Lat deim blygjast og skjemmast, som stend meg etter livet! Lat deim vika attende med skam, som vil meg noko vondt! Lat deim verta som agner for vind, og Herrens engel støyte deim burt! Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje deim! For utan orsak hev dei løynt si grav med garn åt meg, utan orsak hev dei grave ei grav for mitt liv. Lat tjon koma yver honom, når han ikkje veit det, og det garn han løynde fanga honom; lat honom falla i det til sitt tjon! Og mi sjæl skal gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa. 10 Alle mine bein skal segja: «Herre, kven er som du, du som friar den arme frå ein som er honom for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar honom?» 11 Det stend upp mange vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit. 12 Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjæl er lati åleine. 13 Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjæl med fasta, og mi bøn vende att til min barm. 14 Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og svartklædd, som ein som syrgjer på mor si. 15 Men no, då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; det flokkast mot meg fantar og folk eg ikkje kjenner; dei riv sund og kviler ikkje. 16 Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbite, so skjer dei tenner imot meg. 17 Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjæl undan deira herverk, mitt einaste frå unge løvor! 18 Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk. 19 Lat deim som utan grunn er mine fiendar ikkje gleda seg yver meg! Lat deim som hatar meg utan orsak ikkje blinka med auga! 20 For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svikande ord mot dei stille i landet. 21 Og dei riv sin munn vidt upp imot meg, dei segjer: «Ha, ha! Vårt auga hev set det!» 22 Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt ifrå meg! 23 Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak! 24 Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat deim ikkje gleda seg yver meg! 25 Lat deim ikkje segja i sitt hjarta: «Ha, det er vår lyst!» Lat deim ikkje segja: «Me hev gløypt honom upp!» 26 Lat deim skjemmast og blygjast alle saman som gled seg i mi ulukka; lat deim klæda seg i skam og skjemsla, dei som høgmodast yver meg! 27 Lat deim fagna seg og gleda seg, som unner meg min rett, og lat deim alltid segja: «Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng honom godt!» 28 Og mi tunga skal kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.
Copyright information for NorSMB