Psalms 38

Ein salme av David; til minnesofferet. Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm! For dine piler er farne ned i meg, og di hand hev falle tungt på meg. Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld; det er ikkje fred i mine bein for mi synd skuld. For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge. Det luftar ilt av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld. Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg svartklædd. For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt. Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing. 10 Herre, for di åsyn er alt mitt ynskje, og min sukk er ikkje løynd for deg. 11 Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg. 12 Mine vener og frendar held seg undan frå mi plåga, og mine næmaste stend langt burte. 13 Og dei som ligg etter mitt liv, dei legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, dei talar um undergang og tenkjer på svik heile dagen. 14 Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus som ikkje let upp sin munn. 15 Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn. 16 For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara meg, Herre, min Gud! 17 For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.» 18 For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfyre meg. 19 For eg må sanna mi skuld, syrgja yver mi synd. 20 Og mine fiendar liver, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan orsak. 21 Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode. 22 Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg! Kom meg snart til hjelp, Herre, mi frelsa!
Copyright information for NorSMB