Psalms 4

Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David. Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn! De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela. Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom. Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela. Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren! Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre! Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg. I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.
Copyright information for NorSMB